Voss lag

Voss lag trenar ettersøk og lavine. Hausten 2015 har vi sju godkjende ekvipasjar og fem ekvipasjar under utdanning.

Fleire av medlemma er godkjent i/trenar på begge disiplinane. Medlemma er heimehøyrande på Voss, i Ulvik og i Ullensvang, men alle som er villige til å reisa til Voss og omegn på trening er velkomne.

Vi har faste treningar kvar torsdag. I tillegg samarbeidar vi med Voss Brukshundklubb om runderingstrening på laurdagar. Kontakt Håvard Hanto-Haugse (haahanto@hotmail.com eller 975 52 502) dersom du ynskjer å vera med.

Når det er snø, freistar lavinegjengen å trena kvar søndag. Kontakt Jarle Mjånes (j-mjaane@online.no eller 916 66 387) dersom du ynskjer å vera med.

Aktivitetskalender

«

januar 2018

»
Uke M T O T F L S
1 1234567
2 891011121314
3 15161718192021
4 22232425262728
5 293031        

Bli medlem

Nyheter fra NRH sentralt