Lavinesamling på Garen 2018

Hvor: Garen
Når: 12.01.2018 18:00 til 14.01.2018 17:00

Dio Hordaland inviterer til lavine-samling på Garen 12.-14. januar 2018.

Generell informasjon:

Me overnattar i hyttene på Garen camping. Dei fleste hyttene har dusj og toalett. Førstemann til mølla får desse hyttene, så fyller me opp dei utan dusj og toalett til slutt. Me får bruka grillhytta som tidlegare. Her blir det bålkos fredag kveld. Laurdag kveld blir det felles middag. Mat anna enn middag laurdag kveld tek deltakarane med sjølve.

Hundane skal vera i bur inne på hyttene.

Ein kan ta deler av C-kurset på samlinga. Det vert arrangert A-prøvar dersom det er snøforhold til det. Lavinehundeførarsamling for A-godkjende.

 

Påmelding og betaling:

Påmelding til Karen Sofie på so-skoth@online.no

Pris som inkluderer overnatting på hytter frå fredag til søndag pluss middag laurdag kveld:

  • Medlemmer i Hordaland distrikt: 840,-
  • Hundeførarar i Hordaland distrikt: 600,-
  • Andre: 1200,-

Medlemmer av Dio Hordaland blir prioriterte ved påmelding innan 16. desember. Endeleg påmeldingsfrist for eigne og ikkje eigne medlemmer er 20. desember.

 

Vel møtt til ei kjekk lavinesamling på Hardangervidda!

 

Aktivitetskalender

«

januar 2018

»
Uke M T O T F L S
1 1234567
2 891011121314
3 15161718192021
4 22232425262728
5 293031        

Bli medlem

Nyheter fra NRH sentralt